lørdag 26. november 2011
onsdag 16. november 2011
Den gylne spaserstokk. 16.november 2011
På pensjonistmøtet i dag kom representantar frå Sparebank 1 og delte ut spaserstokkar og andre heidersteikn til mosjonistane. Desse som går tur kvar onsdag og får turane registrert. Dei som er med for første gong, får spaserstokkar, seinare får dei plater og pins.
Desse har vore med i eitt år, og får utdelt spaserstokk.
Og her er veteranane som har vore med sidan Spaserstokken starta i Ørsta for 14 år sidan.
søndag 13. november 2011
Møte på Kulturhuset
Minner om møtet komande onsdag den 16.november. Dette er det såkalla "Spaserstokkmøtet" der dei som har vore med og gått turar på onsdagane, får premie for innsatsen. Men det er mykje anna program også. Mellom anna vil Lions-koret kome og underhalde. Alle pensjonistane i kommunen er velkomne anten dei er medlemmer i pensjonistlaget eller ikkje.
fredag 21. oktober 2011
Seniorkino tysdag 25.oktober kl.12.30: BARNEPIKEN.
Komande tysdag får vi sjå filmen "Barnepiken" på seniorkino. Mange har lese boka, og likt den, så no håper vi på fulle hus. Det kjem omtale av filmen i laurdagsavisa. Folk eg kjenner, som har sett den, seier at det er ein fin film, og den har fått gode kritikkar. Kom gjerne og ta ein kopp kaffi og ein prat før filmen.
torsdag 13. oktober 2011
Tryllefløyten
Tysdag 11.oktober skipa pensjonistlaget til tur til opera Nordfjord på Eid.
Dei reiste frå Ørsta klokka 12, og brukte tida før operaframsyninga til å ete middag på Kyrkjetun, omvising i kyrkja og kusntutstilling i Gamlebanken.
Leiaren i Eid pensjonistlag var med under middagen og orienterte om arbeidet i laget deira.
Framsyninga var veldig fin. Det var ein vellykka tur på alle måtar.
Dei reiste frå Ørsta klokka 12, og brukte tida før operaframsyninga til å ete middag på Kyrkjetun, omvising i kyrkja og kusntutstilling i Gamlebanken.
Leiaren i Eid pensjonistlag var med under middagen og orienterte om arbeidet i laget deira.
Framsyninga var veldig fin. Det var ein vellykka tur på alle måtar.
mandag 10. oktober 2011
Eldredagen markert på Ørsta kulturhus 5.oktober.
Pensjonistlaget og Eldrerådet skipa i samarbeid til møte på Kulturhuset onsdag 5.oktober.
Det var bra frammøte trass det dårlige veret.
Randi Havnelid Devold, leiar i Ålesund Eldreråd, var hovudtalar. Koret "Berre damer" underheldt, og kvinnene i Lions stod for maten.
Janne Grytten Skarstein spela til allsongane og Einar Øyehaug var forsongar.
Festen vart leia av Sverre Lundestad, leiar i pensjonistlaget.
onsdag 14. september 2011
Møte på Bakk-Ola
I dag hadde vi eit langt og innhaldsrikt møte på Bakk-Ola. Frammøtet var rekordstort-105 pensjonistar møtte fram. Har skrive referat som kjem i avisa ein av dagane .
Neste møte blir 5.oktober på Kulturhuset. Då er vi i lag med Eldrerådet.
Neste møte blir 5.oktober på Kulturhuset. Då er vi i lag med Eldrerådet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



