torsdag 19. januar 2012

Møte på Bakk-Ola-onsdag 25.januar.

Onsdag den 25.januar blir det møte på Bakk-Ola klokka 16.00. Annonsen kjem i Møre-Nytt komande laurdag. Vi ønsker gamle og nye medlemmer velkomne.

fredag 23. desember 2011

Jula 2011.

Vi ønsker alle medlemmene i Ørsta pensjonistlag ei god jul og eit godt nytt år!

Da Capo til Ørsta

Laurdag 18.februar 2012 kjem Vidar Lønn Arnesen med fleire til Ørsta med showet sitt "Da Capo".
Pensjonistlaget er spesielt invitert. Showet tek til klokka 16.00.

onsdag 16. november 2011

Den gylne spaserstokk. 16.november 2011




På pensjonistmøtet i dag kom representantar frå Sparebank 1 og delte ut spaserstokkar og andre heidersteikn til mosjonistane. Desse som går tur kvar onsdag og får turane registrert. Dei som er med for første gong, får spaserstokkar, seinare får dei plater og pins.

                                     Desse har vore med i eitt år, og får utdelt spaserstokk.





Og her er veteranane som har vore med sidan Spaserstokken starta i Ørsta for 14 år sidan.

søndag 13. november 2011

Møte på Kulturhuset

Minner om møtet komande onsdag den 16.november. Dette er det såkalla "Spaserstokkmøtet" der dei som har vore med og gått turar på onsdagane, får premie for innsatsen. Men det er mykje anna program også. Mellom anna vil Lions-koret kome og underhalde. Alle pensjonistane i kommunen er velkomne anten dei er medlemmer i pensjonistlaget eller ikkje.