Den gylne spaserstokk startar opp att onsdag 2.mai klokka 11.00. Dei som vil vere med å gå tur, møter opp på Bakk-Ola. (Annonsen stod i Møre-Nytt i dag.)
Det vart eit veldig kjekt møte på Kulturhuset i dag, ikkje minst takka vere Gunnar Ellingsen som viste bilde og fortalde frå Svalbard. Det var utrulig interessant og bilda var framifrå fine. Brynhild Barstad og ein elev frå musikkskulen stod for det musikalske innslaget. Per Endal orienterte om turane utover sommaren og hausten. Eli Kjøde presenterte seg sjølv og heldt "Ord for dagen". I mai blir det også møte på Kulturhuset, og då håper vi på at mange yngre pensjonistar også finn vegen dit. Velkomne skal de vere.
I dag held Ørsta pensjonistlag møte på Kulturhuset. Vi tek til klokka 16.00. Vi har mykje godt program. Det blir også orientering om turar vi har lagt opp til sommaren og hausten 2012. Som vanlig får vi kaffi og mat. Det blir også utlodding. Inngangspengar er 50 kr. Omtale og annonse stod i laurdagutgåva av Møre-Nytt. Vi vil gjerne ha mange nye medlemmer, så det er berre å møte opp. Alle er velkomne.
I morgon, torsdag 19.april,skal vi endelig få sjå filmen "The Best Exotic Marigold Hotel ". Eg har snakka med fleire som har sett filmen og likt den godt. Dei meiner også at filmen høver best for godt vaksne folk. Men gløym ikkje at Seniorkino er for alle!