fredag 23. desember 2011

Jula 2011.

Vi ønsker alle medlemmene i Ørsta pensjonistlag ei god jul og eit godt nytt år!

Da Capo til Ørsta

Laurdag 18.februar 2012 kjem Vidar Lønn Arnesen med fleire til Ørsta med showet sitt "Da Capo".
Pensjonistlaget er spesielt invitert. Showet tek til klokka 16.00.

onsdag 16. november 2011

Den gylne spaserstokk. 16.november 2011




På pensjonistmøtet i dag kom representantar frå Sparebank 1 og delte ut spaserstokkar og andre heidersteikn til mosjonistane. Desse som går tur kvar onsdag og får turane registrert. Dei som er med for første gong, får spaserstokkar, seinare får dei plater og pins.

                                     Desse har vore med i eitt år, og får utdelt spaserstokk.





Og her er veteranane som har vore med sidan Spaserstokken starta i Ørsta for 14 år sidan.

søndag 13. november 2011

Møte på Kulturhuset

Minner om møtet komande onsdag den 16.november. Dette er det såkalla "Spaserstokkmøtet" der dei som har vore med og gått turar på onsdagane, får premie for innsatsen. Men det er mykje anna program også. Mellom anna vil Lions-koret kome og underhalde. Alle pensjonistane i kommunen er velkomne anten dei er medlemmer i pensjonistlaget eller ikkje.

fredag 21. oktober 2011

Seniorkino tysdag 25.oktober kl.12.30: BARNEPIKEN.


Komande tysdag får vi sjå filmen "Barnepiken" på seniorkino. Mange har lese boka, og likt den, så no håper vi på fulle hus. Det kjem omtale av filmen i laurdagsavisa. Folk eg kjenner, som har sett den, seier at det er ein fin film, og den har fått gode kritikkar. Kom gjerne og ta ein kopp kaffi og ein prat før filmen.

torsdag 13. oktober 2011

Tryllefløyten

Tysdag 11.oktober skipa pensjonistlaget til tur til opera Nordfjord på Eid.
Dei reiste frå Ørsta klokka 12, og brukte tida før operaframsyninga til å ete middag på Kyrkjetun, omvising i kyrkja og kusntutstilling i Gamlebanken.
Leiaren i Eid pensjonistlag var med under middagen og orienterte om arbeidet i laget deira.
Framsyninga var veldig fin. Det var ein vellykka tur på alle måtar.

mandag 10. oktober 2011

Eldredagen markert på Ørsta kulturhus 5.oktober.


Pensjonistlaget og Eldrerådet skipa i samarbeid til møte på Kulturhuset onsdag 5.oktober.
Det var bra frammøte trass det dårlige veret.
Randi Havnelid Devold, leiar i Ålesund Eldreråd, var hovudtalar. Koret "Berre damer" underheldt, og kvinnene i Lions stod for maten.
Janne Grytten Skarstein spela til allsongane og Einar Øyehaug var forsongar.
Festen vart leia av Sverre Lundestad, leiar i pensjonistlaget. 

onsdag 14. september 2011

Møte på Bakk-Ola

I dag hadde vi eit langt og innhaldsrikt møte på Bakk-Ola. Frammøtet var rekordstort-105 pensjonistar møtte fram. Har skrive referat som kjem i avisa ein av dagane .
Neste møte blir 5.oktober på Kulturhuset. Då er vi i lag med Eldrerådet.

mandag 12. september 2011

Seniorkino

"Hodejegerne"- torsdag 29.september  kl. 12.30

" Barnepiken"-  tysdag 25.oktober        kl. 12.30

   Sjå omtale i Møre-Nytt.

fredag 9. september 2011

onsdag 7. september 2011

Ny sesong i pensjonistlaget.

Onsdag i neste veke skal vi ha sesongens første møte på Bakk-Ola.
Lysinga kjem til å stå i Møre-Nytt komande laurdag (10.09.2011).
Dette møtet er særs viktig for alle som vil vere med på aktivitetar som
pensjonistlaget legg opp til.

Det vil bli gitt orientering om det som skal skje utover hausten, og enda vidare
framover. Eg kan nemne t.d.turen til Opera Nordfjord i oktober, datakurs for
nybegynnarar, som tek til no i haust, eventuell hurtigrutetur i mai 2012 og
diverse anna som vi har planar om.

Dessutan kjem den nye rådmannen i Ørsta, Wenche Solheim, og presenterer seg og fortel om arbeidet sitt.Johannes Buset vil halde "Ord for dagen", og Paul Sandanger frå
Tussa vil snakke om el-tryggleik m.a.

Det blir mykje kjekt program, og i matøkta skal vi ha loddsal med fine gevinstar.
Vi håper at mange finn vegen til Bakk-Ola onsdag den 14.september klokka 15.30. Både medlemmer og andre er hjertelig velkomne.

fredag 17. juni 2011

Bilde frå turen til Runde.

Utsikt frå Christineborg.

                Modell av skipet Akerendam, som forliste utanfor Runde i 1725.
                              Sølv- og gullmyntar frå Akeren dam.

  Kiste som har vore om bord i Akerendam.Truleg funnen kort tid etter forliset.
                            Mange utstoppa dyr og fuglar frå Runde.
                                     Christineborg, der vi åt middag.

fredag 10. juni 2011

Tur til Runde.

Vi har plass til fleire på denne turen. Hugs at du kan vere med om du ikkje er medlem. Ja, endatil voldingar er velkomne.
Onsdag 8.juni kom dei frå banken og delte ut refleksvestar til dei som deltok i Spaserstokken.

onsdag 25. mai 2011

Seniorkino.

Neste seniorkino blir tysdag 14.juni. Filmen vi skal få sjå då heiter Saras nøkkel. Reknar med at det er fleire som har lese romanen med same namn, som bygger på ei sann historie frå krigens dagar i Frankrike. Boka vart ein bestseljar, og eg vil tru at også mange unge har lyst å sjå filmen så sant dei er fri på dagtid. Så eg må enda ein gong minne om at Seniorkino er for folk i alle aldrar.
Datoen vart endra frå 15. til 14. sidan det var fare for kollisjon med Spaserstokken.

mandag 16. mai 2011

Vi treng nye medlemmer.

Refleksvestar

Var innom banken i dag og høyrde etter korleis det var med refleksvestane, dei var enno ikkje komne. Så det blir å gå utan refleks denne veka også. Vi får håpe det ikkje blir altfor mørkt onsdag klokka 11.00

lørdag 14. mai 2011

5-dagarstur til Trysil.

I år kan pensjonistlaget tilby ein busstur til Trysil. Avreise frå Ørsta den 10.august -retur den 14.
Denne turen vil bli annonsert i Møre-Nytt neste veke, så følg med!

fredag 13. mai 2011

"Den gylne spaserstokk"



No har pensjonistane allereie vore på to trimturar i vår. Sist onsdag gikk turen til Kubbestøylen.
Komande onsdag blir det også tur, og då har dei lova å kome frå banken og dele ut refleksvestar, sjølv om behovet for slike ikkje er akutt. Då blir det teke bilde, og vi har ein sjanse til å kome i avisa. Så det er berre å møte fram alle som kan. Det er vel ingen som feirar den 17. så hardt at dei ikkje maktar å gå tur den 18.mai?
Vel møtt.

Medlemsmøte.

Sak nr. 4: Medlemsmøte framover hausten:
1.møte:    Bakk-Ola , onsdag 14.september kl.15.30
               (Styremøte måndag 5.september kl.13.15)
2.møte:   Kulturhuset    i   oktober. 
               Dato er ikkje fastsett, fordi vi reknar med eit    
               samarbeid med Eldrerådet om dette møtet.
3..møte:  Kulturhuset   onsdag 16.november.
              ”Spaserstokken” med representant frå banken.    
             Utdeling av heidersteikn..
              (Styremøte måndag 7.november kl.13.15)
4.møte : Bakk-Ola: Julemøte 7.desember
              (Styremøte måndag 28.november kl.13.15)

fredag 6. mai 2011

Den gylne spaserstokk.

Eldretrimmen er i gang. Kvar onsdag framover blir det å møte opp på Bakk-Ola klokka 11.00 for å gå kortare eller lengre turar. Komande onsdag kjem dei frå banken og deler ut refleksvestar, slik at vi kan få høve til å reklamere litt ekstra for den rause sponsoren vår. Det er vel det minste vi kan gjere til takk?
Vel møtt.

onsdag 4. mai 2011

Jubileumsfest.

Referat
frå 40-årsjubileet til Ørsta Pensjonistlag.
Ørsta kulturhus 3.mai
2011.

Festen tok til klokka 17.00, og det var om lag 115 personar til stades, medrekna gjestane:
leiaranefrå Bondalen og Vartdal pensjonistlag, Nanna Stokke og Malmfrid Grønnevet,
forbundsleiar Borge Rørvik, nestleiar i fylkesstyret Jakob Strand, som er
fadderen vår, Bernt Østgård frå Sparebank 1 og varaordførar Per Kristian
Hovden, som representerte kommunen. Alle gjestane fekk sitte ved reserverte
bord fremst i salen i lag med folk frå styret i pensjonistlaget.
Leiaren ipensjonistlaget, Sverre Lundestad, ønske alle velkomne og så song vi til opning ”Fagert er landet”; Marie Austrheim og Knut Ose spela til, og Einar Øyehaug var forsongar.
Så spela Marie og Knut to stykke, ein brudemarsj og eit stykke som heiter Poem. Det siste var i si tid kjenningsmelodi i radioprogrammet ”Ønskediktet”.
Jostein Mo var nestemann
i elden. Han gav oss glimt frå den 40 år lange historia til Ørsta
pensjonistlag. Han hadde gjort eit grundig forarbeid og funne fram mange artige
døme på det som har hendt i alle desse åra, frå det første forsøket på å stifte
eit pensjonistlag i 1971 til det laget vi har i dag.
Marie og Knut spela så
”When I wish upon a star” frå filmen Pinoccio, og så overtok Per Ragnvald
pianoet og han og Knut spela ”Somewhere over the Rainbow” frå ”Trollmannen fra
Oz. Dei to har kjent kvarandre frå dei gjekk i lag på framhaldsskulen, og har
spela i lag før.Det var eit artig innslag.
No var det
forbundsleiaren Børge Rørvik sin tur å entre talarstolen.
Han heldt eit langt
innlegg som omfatta både spøk og alvor. Han snakka sjøvsagt om pensjonistsaka
generelt og peika på kor viktig det er at også pensjonistane ”står på krava” og
krev at eldremilliardar går til det dei skal.
Etter at Rørvik hadde
fått sagt det han ville og overrekt ein gåvesjekk på 1500 kr til laget, var det
tid for mat.
Sidan det var Damegruppa i Lions som var leigde inn til å styre med den, fekk dei høve til å presentere
seg sjølve og det arbeidet som deira lag driv.
Annlaug Mork las diktet ”Symra”
av Anders Hovden som bordvers. Ho peikte på at Kvitveisen er noko av det første
som spirer opp or jorda om våren, sidan veks det plantar som blir mat for
menneske og dyr.
Vi fekk servert rikelig
med gode smørbrød og etterpå var det kakebufé der vi fekk  ta for oss av mange gode kaker.
Medan vi enno sat med
kaffikoppane, kom Ørstakoret inn og stilte seg i kråa til venstre for scena.
Dei song mange fine songar, både med og utan solistar, eg nemner berre nokre.
Dei song fleire songar av
Mikos Theodorakis, mellom andre ”Grotten ved havet”. Solveig Kvien var solist i
ein vakker song som heiter ”Vaggvisa”. Så fekk vi ein smak på argentinsk tango
i ”Liebertango”.
Ein song i ”barbershop”-stil fekk vi også- ”Lilja i dalen”.
Einar Øyehaug song den
vakre svenske visa: ”Jag ventar vid min stockeld”, og til slutt song koret ”Ned
i vester soli glader” med Berit Flø Johnsen som solist.

Siv Aurdal dirigerte koret.
Etter all korsongen fekk Jakob Strand ordet og helsa frå fylket.
Så vart det høve for
andre å kome med helsingar. Dei som då hadde ordet var Bernt Østgård frå
Sparebank 1, som er vår hovudsponsor. Per Kristian Hovden helsa frå kommunen og
takka pensjonistane fordi dei hjelper dei yngre med barnepass og anna slik kvardagen
blir litt enklare for mange. Han peika på at pensjonistane er ein ressurs, noko
vi ssjølvsagt er glade for å høyre. Nanna Stokke bar fram helsing frå Bondalen
Pensjonistlag som er eit lite lag, det same gjorde Malmfrid Grønnevet frå
Vartdal pensjonistlag. Med alle helsingane følgde det fine blomsterbukettar.
Sverre orienterte om "Den gylne spaserstokk" som vil kome i gang frå 4.mai av.Då møtest ein kvar onsdag klokka 11.00 utanfor Bakk-Ola og går tur i lag, kort eller langt, utfrå kva den einskilde maktar.
Han nemnde også dei to turane som er planlagde; ein dagstur til Jostedalen Bresenter i Oppstryn og ein 5-dagarstur til Trysil 10.-14. august.
Til sist song vi ”La oss
leve for hverandre", med Einar som forsongar. Per Ragnvald spela piano til.

lørdag 30. april 2011

40-årsjubileum

Seniorkinoen sist onsdag var ein stor success.Det var ein fantastisk film vi fekk sjå ! Og så kjekt der er å gå på kino når vi slepp den sterke lyden. Så altfor mange frammøtte var der ikkje, ein kan tenke seg at mange har sett filmen før, og så var det veldig fint ver,då. Men det er viktig at vi møter opp på desse framsyningane så vi ikkje misser tilbodet. Når hausten og vinteren kjem er det eit godt alternativ på dagtid, kombinert med ei butikkrunde t.d.Det blir Seniorkino ein gong i mai også, før det blir sommarferie.Ta gjerne med yngre slekt og venner, det er ope for alle.Den veste kaffistunda før filmen tek til, er noko vi set pris på.

Komande TYSDAG er det jubileumsfest. Som de veit fyller Ørsta Pensjonistlag 40 år 3.mai i år. Festen tek til klokka 17.00, og inngangspengar er berre 50 kr. Då får vi både smørbrød , kaker og god underhaldning.. Håper mange finn vegen til Kulturhuset den dagen.
Sjå lysing i Møre-Nytt.

torsdag 21. april 2011

Seniorkino

Ørsta Pensjonistlag har i samarbeid med kinosjefen fått til ei ordning med film-framsyning på dagtid ein gong i månaden.Etter ønske frå pensjonistlaget vil det på framsyninga vere redusert lyd på filmane.Billettprisen vil ligge litt under vanlig kinopris.Før framsyningane vil pensjonistlaget servere kaffi og kaker e.l. slik at vi får ei stund med sosialt samver. Det er viktig at folk som er interesserte sluttar opp om denne ordninga, slik at den kan halde fram.Den første filmen som vart vist,"Kongen av Bastøy" vart valt etter avstemming på pensjonistlagmøtet; den som skal visast no er det kinosjefen som har valt ut.Hugs at alle har tilgjenge til framsyningane-ikkje berre seniorar.

Tysdag 27.april blir det igjen kinoframsyning på dagtid.
Sjølv om vi kallar det Seniorkino, er det ikkje berre for
alderspensjonistar; andre som har høve til å møte er også velkomne.
Det vil bli servert kaffi og kake ca ein time førframsyninga,
slik at vi får høve til litt sosialt samvær. Sjølve filmen varer i
to timar.
Første gongen vi hadde seniorkino, var det gratis, det er
det ikkje denne gongen.
Kinoannonsen står i denne avisa.

Filmen som vi får høve til å sjå denne gongen, heiter"Kongens tale".
Denne filmen har vore mykje omtalt i media og har fått gode
kritikkar.
Filmen har fått Oscar for beste film, beste regi og originalmanus.
Og Colin Firth som spelar hovudrolla, har fått både
Oscar, Golden Globe og Bafta for beste mannlege hovudrolle.
Filmen er basert på ei sann historie om den britiske
tronarvingen Albert, som går under namnet Bertie i familien, 
og om problema han hadde med stamming.
Kongefamilien prøver å halde stamminga hemmeleg for
folket, som tvilar på evna hans som tronarving, men prinsen blir avslørt når
han skal halde si første offentlege tale.
Då eldste broren, Edward, seier i frå seg trona, etter at
far deira døyr, seier Bertie motvillig ja til å overta trona. 
Han tek namnet Georg VI.
Det er på denne tida kongen møter talepedagogen Lionel
Louge (spela av Geoffrey Rush), som med utadisjonelle metodar prøver å finne ei
løysing på kongens stamming.
England står framfor ein ny verdskrig, og det heile når
eit klimaks når den nye kongen må halde sitt livs tale for å bygge opp styrke
og mot i nasjonen.
Filmen er sann, rørande og humoristisk.
Vel møtt.

Ørsta Pensjonistlag

Ørsta Pensjonistlag vart skipa 3.mai 1971. Så i år feirar vi 40 -årsjubileum. Det skal markerast med fest på Kulturhuset 3.mai i år.


Styret i laget::
Leiar:Sverre Lundestad
Nestleiar: Malfrid Hauge
Sekretær: Olaug Trovåg
Kasserar: Hilde Rebbestad

Styremedlemmer:
Anna Nupen Røed
Aslaud Folldal
Kirsti Møll Berg

Varamedlemmer
Olaug  Aam
Per Ragnvald Langlo
Else Sætre Hjertvik
Pernille Moe Solbakken.