torsdag 7. november 2013

Frå møtet 6.november 2013. Utdeling av premiar til dei som har vore med på "Den gylne spaserstokk."
Elles snakka Terje Kjøde om dialektar og Paul Sandanger spela og song.

tirsdag 29. oktober 2013

Møte i pensjonistlaget.

Neste møte i pensjonistlaget blir onsdag 6. november 2013.
Då blir det mellom anna utdeling av premiar til dei som har vore med på "Den gylne spaserstokk".
Elles kjem Terje Kjøde og snakkar om ørstadialekten og vi får song og musikk ved Paul Sandanger.
På bildet ser vi Marta vatne, ca 95 år gammal, ein av dei mest dekorerte Spaserstokk-deltakarane.

lørdag 15. desember 2012

Bilde frå førjulsmøtet.












Førjulsmøte med juletallerk og kos, vart halde på Bakkolamarka onsdag 12. desember.
Eli hadde ord for dagen og las ein novelle av Alf Prøysen.
Hedi Brunstad-Øyehaug kåserte om mat og kokebøker. Børre Lødemel song og spela gitar.
Det var god mat og god stemning heile kvelden.
 

tirsdag 15. mai 2012

Møte på Kulturhuset

Onsdag 23.mai blir det møte på Kulturhuset.
Gamle og nye medlemmer er hjertelig velkomne. Det blir mykje godt program, så du gjer lurt i å stille opp. 
Dette er siste møte før sommarferien.

lørdag 28. april 2012

Den gylne spaserstokk.


Den gylne spaserstokk startar opp att onsdag 2.mai klokka 11.00. Dei som vil vere med å gå tur, møter opp på Bakk-Ola.
(Annonsen stod i Møre-Nytt i dag.)

onsdag 25. april 2012

Vellykka møte i pensjonistlaget

Det vart eit veldig kjekt møte på Kulturhuset i dag, ikkje minst takka vere Gunnar Ellingsen som viste bilde og fortalde frå Svalbard. Det var utrulig interessant og bilda var framifrå fine.
Brynhild Barstad og ein elev frå musikkskulen stod for det musikalske innslaget.
Per Endal  orienterte om turane utover sommaren og hausten. Eli Kjøde presenterte seg sjølv og heldt "Ord for dagen". I mai blir det også møte på Kulturhuset, og då håper vi på at mange yngre pensjonistar også finn vegen dit. Velkomne skal de vere.

Møte på Kulturhuset.

I dag held Ørsta pensjonistlag møte på Kulturhuset. Vi tek til klokka 16.00.
Vi har mykje godt program. Det blir også orientering om turar vi har lagt opp til sommaren og hausten 2012.
Som vanlig får vi kaffi og mat. Det blir også utlodding.
Inngangspengar er 50 kr.
Omtale og annonse stod i laurdagutgåva av Møre-Nytt.
Vi vil gjerne ha mange nye medlemmer, så det er berre å møte opp.
Alle er velkomne.